Skuggen
Arme skugge, du som har
mannsens skap, men ikkje liv!
Rørande det er å sjå
kor du prøver på å vera
lik meg, prøver gjera
so som eg gjer:
hallar hovudet i handi,
sit og gruvlar,
grip til pennen din og skriv –
reiser deg frå bordet,
gjeng og driv –
stoggar tankefull, stend der
støytt i stein.
Lyddest rop i hjarta,
såg du tankens venger
eldkvast skein?
Arme skugge! Bry deg ikkje
um eg smiler åt deg,
eg er sjølv ein skugge
av ein annan ein.
Olav H. Hauge
(1908-1994)
The Shadow
Poor shadow, you look
like a man but have no life!
It is touching to see
how you try to be
like me, try to do
as I do:
hold your head in your hand,
sit and muse,
pick up your pen and write –
get up from the desk,
pace back and forth –
stop thoughtfully, stand there
stock still.
Did you hear the cry in your heart,
did you see the wings of thought
shine bright as flame?
Poor shadow! Don’t take it badly
if I smile at you,
I am myself someone else’s
shadow.